KURS PÅ NAUSTVOLL GARD I KVAMSØY – 22.juni-23.juni 24.  FB-link

Ein hund gjere aldri feil. Aldri!

Når ein hund ikkje gjere det vi vil, det den eigentleg kan, eller oppfører seg «dårleg» i våre auge, så er det vår feil (førar/eigar). Alltid!

Det er vi som skal forme/trene/oppdra det dyret som vi har skaffa oss. Det er vi som må ta skulda om vi ikkje hadde tid, orka eller klarte å gjere jobben.

Men det er aldri for seint.

Og alt treng heller ikkje vere strøkent. Men er det noko du vil forandre?

Eg har booka Vidar Staumøy til å halde kurs på Naustvoll Gard.

Litt om Vidar: https://www.unidog.no/


Tema denne helga kan vere korleis du kan få kontakt med hunden din, belønningsmetodar og lydigheit.

Det vil bli teori/fellesøvingar, men mest tid til eigeninstruksjon. Dvs. kvar deltakar (hund/førar) får individuell tid med instruksjon, der du vel kva instruktør skal hjelpe deg med. (Send info på førehand). Når instruktør er oppteken med dei andre hundane, kan du sjå på, eller du kan øve litt åleine, før du skal ha neste økt. Meininga er at du skal få verktøy til å handtere dei utfordringane du opplever med din hund, som du kan arbeide med framover etter kurset. Mykje handlar om betre samarbeid mellom hund-førar. Her er det ikkje konkurranse om å vere betre enn andre, det viktige er kun samhandlinga mellom den enkelte hund og den sin førar.


Vidar kan tilpasse utifrå kvar enkel hund sin alder og nivå, på fører og hund. Eg "bestiller" utifrå kven som blir med.

Det vil vere 6-8 plassar med hund + observasjonsplassar.

Pris pr pers med hund: 2000 kr  VIPPS=påmelding til mob.99227240

Observasjonsplass: 500 kr  (300 kr fam.medl hund) 

evt. overnatting i tillegg.


Plan for begge dagane:

- Teori utan hundar og kort fellesøkt med hundar (då viser kanskje utfordringane seg …)

- Individuelle økter.

- Lunch for instruktør og oss

- Individuelle økter.

I 17-18 tida fyrer vi opp grillen. Ta med grillmat til deg sjølv. Vi kokar ris til fellesen.

Kaffi heile dagen + enkel brødmat.


Treng du overnatting? Ta kontakt med AB mob. 99227240