Citagardens Mira - lovande ungtispe og framtidig avlshund?

Fødd 30.mars 2024

HD A AD 0 

Index 23.04.2025  111

LTV 0 VA 0

DM-fri, COI 28%

Utst.tysk mønster G

Mor:  Citagardens Ezra 

Far: Sognslunden Aroc

- stamtavle, merittar, mentaltestar på foreldre - sjå eiga side LINK

Mira har matematisk IC på 0% (innavlsgradsauke) og ALC 100% (tapt stamfar) på 5 generasjonar.

På 11 generasjonar er IC på 0,67% (innavlsgradsauke) og ALC 56,16% (tapt stamfar), utrekna i working-dog.  

Dette er svært bra, og det er fordi eg har unngått linjeavl, som dessverre er ekstremt mykje brukt i schäferhundavl.

Mira er Embark-testa og har ein COI (innavlsgrad) på 28%.  Dei fleste reinrasa schäferhundane ligg langt over dette.

Embark dokumenterer òg at ho er DM-free og Free på alle raserelaterte resultat.  (Sidan begge foreldre er testa DM-frie, er heile kullet DM-frie.)

Ein uvanleg start.  FILM

Vesle jenta – for ein start du fekk <3

Du og søskena dine, vart morlause ein time etter fødsel.

Eit døgn gamle vart de plassert hos amme, ei golden retrivertispe.  Og der var de, til de var 5 veker gamle.  Då henta eg deg og dei 6 søskena dine, heimatt til garden.  Her venta Jasco og Kela, som måtte ta litt av oppdraginga.  Dei kan aldri erstatte ein så god mor som Ezra var, men de vart i alle fall schäferhundar.

Den kvelden du skulle bli henta, 8veker gamal, fekk du vaksen hund oppå deg i leik, og braut foten. Så difor vart du verande her med meg.  Det vart tøffe veker for ein liten livlig kvalp, som ikkje fekk gjere det som var naturleg.  Spjelka fot, gipsing fleire gonger, røntgen …

Men vi klarde det!  Veterinær Lise, dyktige Tina – det hadde ikkje gått utan dei.

14.juni 2025- Sotra 

Arr:  Norsk Schäferhund Klub avd. Bergen - Dommar: Geir Flønes

Utstilling etter tysk mønster -kvalitet G,  med denne kritikken: 

"MIDDELS STOR, MIDDELS KRAFTIG TISPE AV GOD TYPE. NORMAL MANKE. RETT RYGG. KORT AVFALLENDE KRYSS. FEMININT HODE, ØNSKER MER STOPP. RETT FRONT. GODE BRYSTFORHOLD. NORMALT VINKLET FREM. TILSTREKKELIG VINKLET BAK. PARALLELL SETT BAKFRA. NOE LØS I ALBUER SETT FORFRA. VISER GODE BEVEGELSER."

VISER GODE BEVEGELSER - tenk det!!!  Mira braut foten 8 veker gamal.  Sjå røntgenbileta nede på sida.


Det var første gong Mira var i utstillingsringen, vi har kun øvd på å stå i ro.

Ho oppførte seg eksemplarisk!  Rolig og fin - ho forstod sikkert ikkje kva vi skulle - gå og springe rundt og rundt :)  Men no har vi det òg i boks.

APRIL 2025:

For å få vite om det var blitt følgeskadar, feilbelastningar pga beinbrotet, bestilte eg meir røntken enn berre HD og AD.

3.april 2025 vart det teke røntgenbilete av rygg og nakke i tillegg, og sende til avlesing i Finland.


Resultatet eg mottok 6.april var veldig kjekt:
The screening result is now ready and is visible online

https://humerus.incoc.fi/#/index/details/11440
Result:
Lumbosacral transitional vertebra (LTV) grade: 0
Vertebral anomalies (VA) grade: 0
VA lukumäärä : 0

28.mai 2024:

Ingen tvil, det er brot ...

Vi vel å spjelke foten.

3.juni 2024

- av med spjelke, på med gips.

7.juni 2024: Gipsen hadde glidd ned.

Av med gipsen, på med NY gips ...

12.-14.juni 2025:

- eg let Mira få leve, leike og undersøke.  Ho blir skitten og gipsen glir ned -igjen ...

15.juni 2025: Verdens beste Tina er komen på besøk, og vi bestemmer oss for å ta av gipsen.

16.juni 2025:  Tina har gode kontaktar, og vi fekk instruksjon frå svenske kunnskapsrike folk.  Vi kjølte ned ledd, bøygde og jobba på.  Eg hadde ALDRI KLART DETTE UTAN TINA !

Er så takknemleg!

Tina med Merzi og eg med Mira.

17.juni 2025:  Sidan vi hadde teke av gipsen, var vi litt usikre på korleis det var gått ...

Derfor bad eg om røntgen, for å få vite.

Sidan Lise var på ferie, reiste vi til Førde.

Det vart ein heftig dag. 

Det var tilfeldigvis ein spesialist, ein ortoped, som var ved veterinærkontoret den dagen.  Eg fekk spørsmål om han kunne kome innom.  Det sa eg sjølvsagt ja til.  Han såg korleis foten var, korleis ho gikk, og var svært negativ.  Eg fekk passet mitt påskrive, fordi at eg ikkje hadde valt operasjon. (Det hadde kosta over 100.000...)


Dei reiste med Mira og telefonen min, som hadde beinbrot-bileta frå starten.  Eg trudde det var slutten for Mira, og tårene mine rann.


Då dei kom tilbake, fekk vi eit stort smil og kommentaren "De har gjort alt heilt rett".

Han sa at OM eg hadde sendt bileta, så tvilte han på at operasjon kunne fått alt iorden.  Og då hadde ho ikkje vore med meg lenger ...

Vi skulle fortsette slik vi hadde gjort. 

Så då fortsette tårene mine å renne, men denne gongen av glede ...