BH AD Citagardens Bexi f.11.07.2012


DM-free, COI:28% (Embark) Citagardens Bexi is not at increased risk for the 262 genetic health conditions that Embark tests.


HD A AD 0

Ho har ein index på 107 etter 3 kull. 

Ho har avla 84,2% AogB på HD og 100% 0 på AD.  80% av avkomma er røntka.

Gjennomført MH (mentalbeskriving).

Bestått Ferdselsprøve og Uthaldsprøve.

G - Utstilling etter tysk mønster.

Avlsgodkjent i NSchK

Bexi har tre kull etter seg:

Citagardens C-kull – Bjørnulvs Quatro f. 28.01.2015

Citagardens E-kull - Hedeforsens Lexus f. 25.09.2017

Citagardens F-kull – Ariens Dexter 30.09.2019.

Mi personlege meining om Bexi (mor til Enzo), då ho var 6 år gamal:


Opa tilgjengeleg tispe. Frisk og ærleg hund. Stor byttedrift, middels til stor kamplyst, livleg - litt for livleg av og til - kan kome lyd, ho har stor forsvarslyst. men ikkje tyngde bak. Har lite jakt. Ho er førarveik og difor lett å trene, har lite mot - treng førarstøtte i truande situasjonar, svært god avreagering, handterbar, lett å få fram i leik, ivrig på ball/kong (men eg brukar det sjelden)

Bexi elskar å vere med på alt, alltid klar - likar å trene, blir aldri sliten. Samansetninga av driftene gjere ho til ein førbar hund, god teamarbeidar og kamerat :-) Inne er ho heilt roleg. Viste seg som ei svært god mor.
Andre har vurdert bittet hennar som godt og fast :-)