Kennelsamlimg 2024

I helga 31.mai-2.juni var det kennelsamling på garden.  Vi brukte ulike område i Kvamsøy, sidan det var ledig der.

Det er utruleg kjekt å sjå att kvalpane som no er vaksne hundar, saman med eigarane sine.  Kjell Rundtom gjorde ein hederleg jobb, med å dele sin kunnskap/erfaring og rettleie alle individuelt utifrå vårt nivå.  Du er GULL Kjell!


Eg har lagt ut mine bilete/filmar frå samlinga i den lukka gruppa vår, i eige album.  Det er ikkje redigert, men altså mest for kvar enkelt, slik at vi kan kikke og repetere fokuset for oss.  Om de har noko, så post gjerne.

Må vere ærleg å sei at eg tykkjer det er nesten litt trist, at det er eit år til neste gong. 

Takk alle saman, for at de kom og gjorde samlinga så fin ! 

Kennelsamling 2023

21.-23. april på garden. Tema var spor.  Ronny delte sin kunnskap og erfaring.  Sidan det ikkje var beitedyr ute, brukte vi delar av innmarksbeita.  Bilete/filmar i den lukka gruppa for kun for eigarar av Citagardenhundar.

Kennelsamling 2022

i Kongsberg 22.-24.april. Lp og bruks.