Ezra sine kull:


H-kullet med Rapport's Arro, K-kull med Orex Aykmar og M-kullet

M-kullet 30.mars 2024



Mor -Citagardens Ezra:

HD B AD 0

HD-index pr.3.mars er 102

DM-fri

MH(sjå gul markering i skjema for MH-unghundbeskriving, eg har ført over frå SKK)

BH(ferdselsprøve)

VG på Fci-utstilling.

SG1 utstilling etter tysk mønster

BSL1

AD

MT - KORAD

Avlskåra i NSchK

Far -er ikkje brukt i avl før

HD A AD 0

HD-index pr. 3.mars 24 er 111

DM-fri

MH (sjå blått merke i skjema for MH-unghundbeskriving)

Godkjent ettersøkshund i NRH

Far er frå kull på sju.

Fem er røntka med HD A og AD 0.

To i kullet er ikkje røntka.

Ingen er brukt i avl hittil.

Unghundbeskriving MH (far sitt skjema frå dogweb, Ezra overført frå SKK og markert med gult.)

Kva kan vi forvente av kullet???

- målet er førbare fantastiske teamarbeidarar, som passar til samfunnsoppgåver, der snute og 4 bein er det som trengst. Schäferavl er brukshundavl.

Når det gjeld innavl/linjeavl.  Working-dog.com viser dette:

IC for denne paringen er 0% og ALC for denne paringen er 100% og antall generasjoner som er tatt med er: 5

IC for denne paringen er 0.8% og ALC for denne paringen er 44.09% og antall generasjoner som er tatt med er:11

I 5 generasjonar er det altså ikkje linjeavl i det heile, på 11 generasjonar er innavlsauken 0,8%.


HD-index på kullet er 113.

Alle kvalpane blir DM-frie, sidan begge foreldra er frie.

Citagardens M-kull


fødd 30.mars 2024.


Citagardens Ezra …To døgn med glede og smerte.

Vi visste at Ezra hadde 12 kvalpar, eller meir …

Eg var godt førebudd, men litt bekymra likevel.  Ezra starta kvalpingen 30.mars 2024 kl. 00.44.  Alt verka fint.

Ei tispe kom med bakbeina først, eg drog ho ut, for å unngå at ho vart liggande for lenge, då kan dei drukne.  Ezra tok seg godt av kvalpen, ho stelte den og lot den die.  Kl. 02 kom ein død fin hann, kl. 04 ei død fin tispe, kl.06 ein død hann. Kl. 07 kom ein død og nesten oppløyst hann, så vart det stopp.

Det var berre å kome seg til veterinær.

Eg var innstilt på at alle kvalpane var døde, no måtte berre Ezra reddast!!!

Eg sat med dei vesle kvalpen på brystet og venta. Det var så uverkeleg. Å vere innstilt på kvalping, ta imot ein vakker tispekvalp, å haste til klinikk for keisarsnitt for å ta ut døde kvalpar, det var så vondt.

Så kom veterinær springande med ein kvalp, som eg måtte få til å puste, glede!!! – og så ein til – og ein til … seks kvalpar vart levert meg. Eg vart så glad.

Eg tok meg av kvalpane, dei hadde nok med Ezra. Livmora var stygg, så den vart fjerna. Alt gikk fint.

Då Ezra kom innatt til meg, vart kvalpane lagt til og saug god råmelk. Så køyrde vi heimover. Kvalpane i varm kasse, Ezra på golvet med meg. Alt var godt.

Etter 10 min såg eg at augene ikkje var som dei skulle. Så slutta ho å puste. Hjarte slo. Eg bles luft i ho, men kjende at hjartet stoppa. Eg prøvde gjenoppliving, men ingenting hjalp. Veterinærane møtte oss då vi kom tilbake, men kunne ikkje gjere noko. Ezra hadde reist.

Frå glede til sorg på 1sekund. Det var som ein film.

Så var det kvalpane …

Korleis skulle det gå med dei? Veterinærane gav meg flaske og mjølkepulver … 7 kvalpar. Små levande klumpar som treng mat, varme og stell.

Det neste døgnet besto av mating og tårer. Glede for kvalpane, sorg for Ezra og redsel for å misse kvalpane.

Når eg misser ein hund, brukar eg aldri å sei det/legge det ut på fb. Eg orkar ikkje snakke om det. No måtte eg, for valpane trengde amme.

Eg posta på fb … og det vart delt vidare.

Eg sat med kvalpane og mating, kunne ikkje lese noko, for eg trengde begge hendene mine.

Etterpå var det så mykje info. Avtalar vart gjort og forkasta – kven skulle eg velje, kvar … kjenner ikkje folka – tidspress. Eg valde (veit no at det var rett). Men natte-matinga måtte eg ta meg av. Eg var med dei heile tida. Varme, mat …

Vi køyrde neste føremiddag. Det var glede og usikkerheit, - ville amme godta kvalpane?

Film og bilete talar for seg – eg treng ikkje skrive meir.

Byrda er vekke frå skuldrane mine.

Ezra er gravlagt i hagen.

«Tida leger alle sår».


Eg fekk ikkje med meg kor kritisk det var, før eg las epikrisa i ettertid.


Utdrag frå Epikrise:AnamneseBegynte å vise tegn til valping rundt halv 12 kvelden første valp kom ut levende ca 00:44, levende tispe. Deretter kom 4 døde valper gjennom natten, 2 døde var velutviklet, en valp hadde hvert død en stund og den siste var nesten i gått i oppløsning.30.03.2024 .. nn


UndersøkelseEzra kommer inn på klinikken. Tydelig medtatt. Slimhinner ok.Mye blodig sekret fra vulva. Har holdt på hele natten. Hjerte og lunge ausk: u.a. jevn rytme klare toner.Undersøkelse av vagina : en valp ligger igjen, ikke mulig å nå. Kommer ikke lenger ut etter en dose oxytocin - velger å fjerne under operasjonen da det haster.


Ultralyd undersøkelse: er ikke tegn til liv, men hunden ligger litt dårlig, så vanskelig å se. Setter i gang med hastekeisersnitt.Under operasjonen oppstår det komplikasjoner: Livmorvevet er veldig skjørt, sprekker opp ved lett berøring. Store mengder med fostervæske og sekret går inn i bukhulen da vevet sprekker opp på flere steder. Vevet er helt ødelagt, råttent. Omentalisert. Forløser 10 valper, 3 av de døde, 7 overlevende, 2 hannhunder & 5 tisper. Fjerner livmor. Og tørker og skyller ut bukhule etter beste evne. De neste døgnene er kritiske for Ezra.Ansvarlig: NN


Hunden hadde ikke overlevd uten hastekeisersnitt idag.Behandles med Ab i 10 dager, smertelindring og kontroll om 10-12 dager.30.03.2024 13.51nn


K-kullet f. 19.05.2023


Link til gamle sider

Mor: KORAD BH AD BSL1 Citagardens EZRA

HD B og AD 0

MH

Bestått BH(ferdselsprøve)

VG på Fci-utstilling.

SG1 utstilling etter tysk mønster

BSL1

AD

MT - KORAD

Avlskåra i NSchK

DM-free,MyDogDNA

Far: BH IGP2 Orex Aykmar

HD B og AD 0

Mentaltest

Ferdselsprøve

NBF Kl.B

IGP 2

SG på utstilling

Avlskåra i NSchK

H-kullet

Link til gamle sider