
.jpg?etag=%222ec2dd-64077306%22&sourceContentType=image%2Fjpeg&ignoreAspectRatio&resize=656%2B692&quality=85)

Eg må ha hundar eg kan kontrollere, sidan dei bur på gard med sauer, alpakka, hestar og andre dyr.
Hundane må vere sosiale, fordi det er ulike folk her - Inn på tunet.
Ein Schäferhund skal vere førbar, arbeidskapasitet og drifter, og brukar hannhundar som eg har sjekka grundig.
Men avl er avl, det er mykje som kan skje ...
Om du ønskjer hund frå Citagarden, må du analysere deg sjølv.
Er du ein passande og god eigar? Kjem du til å gje hunden eit godt og meiningsfullt liv, med oppdragelse, trening, mentalt arbeid - varierte oppgåver i 10 år framover?
Viss ikkje, så vil eg ikkje at mine gull skal til deg ...
Men viss du er slik eg ønskjer, er du velkomen til å ta kontakt. Det er plan om kull i vinter, om du ønskjer å stå på ventelista, ta kontakt på tlf :)
Citagarden er på Naustvoll Gard, som òg driv Inn på tunet.
Take this trouble for me: Make sure my shepherd dog remains a working dog, for I have struggled all my life long for that aim.
Max von Stephanitz
Copyright © Anne-Brit Balevik