Eg ønskjer meg friske hundar. Eg er heilt imot å avle på HD C.
Hundane skal kunne vere med på alt.
Vi skal få kjapt resultat når vi trenar korrekt LP og bruks.
Eg må ha dyr eg kan kontrollere, sidan dei bur på gard med sauer, alpakka, hestar og andre dyr. Hundane må vere sosiale, fordi det er ulike folk her - Inn på tunet.
Eg lagar hundar som eg vil ha sjølv, og brukar hannhundar som eg har sjekka grundig. Men avl er avl, det er mykje som kan skje ...
Take this trouble for me: Make sure my shepherd dog remains a working dog, for I have struggled all my life long for that aim.
Max von Stephanitz